ANNONSE
Annonse

Flyruta mellom Røros og Oslo konkurranseutsettes

Anbud: Flyruta mellom Røros og Oslo er blant dem som nå konkurranseutsettes. Foto: Ole Jørgen Kjellmark

Drifta av flyruta mellom Røros og Oslo, i likhet med andre regionale flyruter, konkurranseutsettes i følge en pressemelding fra regjeringen.

Nea Radio
Nea Radio

Publisert:

ANNONSE
Annonse

– Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Samferdselsdepartementet ønsker å betre rammevilkåra for dei regionale kommersielle flyrutene generelt. Departementet sender difor på høyring eit forslag om på nytt å innføre fritak i den vektbaserte startavgifta for inntil 6 tonn, samt endre innflygingskostnadane. Begge tiltaka vil betre rammevilkåra for den regionale luftfarten og fleire kommersielle ruter.

Samferdselsdepartementet har i dag lyst ut ein konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. april 2019, og det nye tilbodet trer i kraft 1.april 2020.
For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive, kjøper staten lufttransporttenester etter ein konkurranse blant flyselskapa. Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav, forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT), til drifta av flyrutene. Desse krava omfattar mellom anna setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.

Ny konkurranse om lufttransporttenester i Sør-Noreg
Konkurransen omfattar følgjande flyruter i perioden 1. april 2020 – 31. mars 2024:

Røros – Oslo.
Førde – Oslo
Sogndal – Oslo
Sandane – Oslo
Ørsta-Volda – Bergen
Sogndal - Bergen
Sandane - Bergen

Samferdselsdepartementet har gjort ei vurdering av om FOT-ordninga skulle bli utvida utover dagens gjeldande virkeområde som er lufthamner drivne av statsaksjeselskapet Avinor. Etter ei samla vurdering har departementet valt ikkje å utvide FOT-ordninga nå. Samstundes vil dei føreslåtte tiltaka for å betre rammelvilkåra for den regionale luftfarten kunne ha ei positiv verknad for kommersielle regionale ruter.

Det nye flyrutekjøpet inneber også at ruta Førde – Bergen ikkje lenger vil vere ein del av det statlege kjøpet av lufttransport etter 1. april 2020. Dette er mellom anna basert på det låge trafikknivået og ei ekstern utgreiing frå Møreforskning Molde AS.

Vidareføring av krava til forplikting til offentleg tenesteyting
I denne konkurransen er det, som i konkurransen for Sør-Noreg frå 1. april 2016, sett krav til setekapasitet per år og minimumskrava til daglege avgangar er vidareført. Dei maksimale billettprisane blir konsumprisjustert.

Moglegheitene for å kombinere fleire ruteområder er utforma med tanke på å leggje til rette for konkurranse og samstundes hente ut stordriftsfordelar som kan gi lågare tilbodsprisar.

Strenge krav til flytryggleik
Samferdselsdepartementet held fram med å stille strenge krav til flytryggleik i konkurransen, men no er alle krav som tidlegare var tilleggskrav i konkurransegrunnlaget tekne inn i forskrift og er dermed ikkje ein del av konkurransegrunnlaget.

Nøkkelord

Siste nytt i Røros/Holtålen Vis flere

Håndverksmartna i Kurantgården

Håndverksmartna i Kurantgården

Tradisjonshåndverkere i arbeid

Kåret til beste stand under Rørosmartnan

Kåret til beste stand under Rørosmartnan

Juryen har kåret to vinnere av beste stand under martnan. En i gata og en i martnashallen.

Litauisk vogntog sto fast i Tydal

Litauisk vogntog sto fast i Tydal

Vogntoget sperret fylkesvei 705 delvis i nesten ett døgn.

Martnaskrus med hyllest til rørospolsen

Martnaskrus med hyllest til rørospolsen

Potteriet Røros har laget 700 krus til Rørosmartnan.

Martnasstemning i Sundrønningsgården

Martnasstemning i Sundrønningsgården

Fron lasskjørerlag fra Gudbrandsdalen spiller opp til musikk under martnan

Trøndelag lasskjørerlag kjørte inn til martnasåpninga

Trøndelag lasskjørerlag kjørte inn til martnasåpninga

Et av høydepunktene på åpninga av Rørosmartnan i går var inntoget av et åttitalls hesteekvipasjer som på gammeldags vis ankom med hest og sleder

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
ANNONSE