ANNONSE
Annonse

Ny stortingsmelding om ungdom

UNGDOM: Barne-og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland mener det er på tide å utforme en gjennomgripende politikk for ungdom. Foto: Nils Kåre Nesvold

Det er snart tjue år sidan forrige stortingsmelding om ungdomspolitikk. Nå varsler barne- og likestillingsministeren ei ny melding som ser på unges levekår og framtidsutsikter.

Nea Radio
Nea Radio

Publisert:

ANNONSE
Annonse

- Unges hverdag ser heilt annleis ut i dag enn for tjue år sidan. I siste ungdomsmelding hadde vi skular utan tilgang til internett og sosiale media var ikkje nemnt. Vi må forstå korleis dagens unge lever liva sine, med moglegheitene og utfordringane det gir, og vi må utforme ein politikk som legg til rette for gode ungdomsliv, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Meldinga vil famne alle unge mellom 13 til 25 år. Meldinga vil ta opp ei rekke tema, som ungdoms engasjement, demokratiet og at alle har like moglegheiter. Alle unge, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsnivå og bakgrunn må få moglegheita til å bidra i samfunnet. I tillegg vil den sjå heilskapleg på tema som ungdoms digitale kvardag, helse, stress og press, einsemd og mobbing, og hatkriminalitet og vald. Regjeringa sitt mål er at dagens unge kan slutte opp om eit berekraftig velferdssamfunn, der sentrale verdiar som demokrati, openheit, menneskeverd, tilhøyrsle og fellesskap haldast i hevd.

- Det er på tide at vi utformer ein gjennomgripande politikk for ungdom. Ikkje lausrive som barn i familiar, elevar, studentar, forbrukarar eller i møte med ulike tenester, men ei ungdomssatsing som tek føre seg alle sider ved det å vere ung i Noreg i dag, seier Helleland.

Ungdom skal med

Stemma til ungdom skal komme til syne i stortingsmeldinga. I arbeidet med meldinga vil regjeringa ha god dialog med både organisert og uorganisert ungdom. Barne- og likestillingsministeren har den siste tida reist rundt for å møte unge i ulike livssituasjonar i deira miljø og for å diskutere tema som opptek dei. I tillegg til ungdomsdialogen har statsråden fått over 3000 innspel frå unge via nettstaden ung.no.

- Slike innspel er viktige for å fange opp kva unge er opptatt av, kva som er viktig for dei og kva dei er bekymra for i framtida. Stort sett har dei unge det veldig bra! Men vi veit også at dei er meir bekymra for klima og verdssituasjonen, føler på eit stort press frå mange kantar og at dei er uroa for om dei kjem til å få seg jobb i framtida. Vi veit at for mange fell ut av vidaregåande skule og at det i framtida vil bli vanskeleg å få seg jobb utan utdanning. Det må vi ta på alvor, for vi vil at alle skal kunne leve gode liv, og bidra til fellesskapa våre og berekrafta i velferdssamfunnet, seier statsråden.

Legges fram i 2020

Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget hausten 2020. Arbeidet med ungdomsmeldinga vil koordinerast med andre aktuelle arbeid på feltet, som barne- og ungdomskulturmeldinga under Kulturdepartementet som også skal leggast fram hausten 2020.

Nøkkelord

Siste nytt i Nyheter Vis flere

Litauisk vogntog sto fast i Tydal

Litauisk vogntog sto fast i Tydal

Vogntoget sperret fylkesvei 705 delvis i nesten ett døgn.

Stjørdal AP klar med styret

Stjørdal AP klar med styret

I går kveld ble det avgjort at Sissel Helene Bakken blir sittende som leder i Stjørdal Arbeiderparti.

Kaffegjesten: Martin Eriksson

Kaffegjesten: Martin Eriksson

Kaffegjesten i Nea Radio denne uka er Martin Eriksson.

Store endringer i melkeproduksjonen i Trøndelag

Store endringer i melkeproduksjonen i Trøndelag

Melkeproduksjonen reduseres i kyst- og bynære kommuner – og øker ellers i fylket. I Stjørdal er melkeproduksjonen halvert siden 1998.

Håkon Einarsve fra	Stjørdal ny AUF-leder

Håkon Einarsve fra Stjørdal ny AUF-leder

Håkon Einarsve fra Stjørdal ble i helga valgt til ny leder i Trøndelag AUF. Emilie Græsli fra Tydal ble valgt til 1. nestleder og Helene Wean fra Hommelvik ble 2. nestleder. Trøndelag AUF er det største fylkeslaget i Norges største ungdomsorganisasjon.

Naturvernforbundet bekymret

Naturvernforbundet bekymret

Naturvernforbundet er bekymret for konsekvensene av nasjonal ramme for vindkraft på land.

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
ANNONSE