ANNONSE
Annonse

Siste nytt

Skjerpa krav til vinterdekk for tunge køyretøy

Publisert: 22.01.2019 kl 09:07

Samferdselsdepartementet har bedt Vegdirektoratet om å skjerpe kravet til vinterdekk for tunge køyretøy.
– Det skal vere trygt å ferdes på norske vintervegar. Difor har eg no bedt Vegdirektoratet skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Farlege vogntog skal bort frå norske vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
– Dette er eit tiltak i arbeidet for auka sikkerhet og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale.

Vis alle notiser

ANNONSE