ANNONSE
Annonse

Siste nytt

Samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar får nær 800 millionar kroner frå Norsk Tipping

Publisert: 11.12.2018 kl 15:05

Frå 2018 innførte Kulturdepartementet nytt regelverk for fordeling av overskotet i Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. I år blir organisasjonar som før 2014 ikkje kunne ta imot støtte frå ordninga tildelt 173,7 millionar kroner.

- Dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane gjer ein svært viktig jobb i samfunnet vårt. Det er flott at mange nye organisasjonar no får ta del i overskotet hos Norsk Tipping, seier kulturminister Trine Skei Grande. Etter dei nye reglane vil mellom anna Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon til saman motta nær 80 millionar kroner før jul.

I alt 794 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping 2017 går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar i 2018. Organisasjonane som tidlegare hadde automatinntekter er ut 2018 sikra det same beløpet som dei har mottatt tidlegare. Utover dette kan andre organisasjonar søkje på like vilkår.

(Kulturdepartementet)

Vis alle notiser

ANNONSE