ANNONSE
Annonse

Siste nytt

Enklare å få førarkort for lett motorsykkel og mopedbil

Publisert: 19.12.2018 kl 20:11

- Lett motorsykkel er eit godt alternativ for mange som pendlar, og kan bidra til mindre køar, mindre lokal forureining og lågare behov for parkeringsplassar. Regjeringa vil no gjere det enklare å få førarrett for lett motorsykkel for folk som allereie har førarkort for personbil.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Vegdirektoratet sender på høyring eit framlegg som gjer det enklare å få førarkort for lett motorsykkel for personar som allereie har førarkort for personbil.

Det kan også bli enklare å køyre mopedbil. Det er gjort framlegg om at aldersgrensa for førarkort for mopedbil blir senka frå 18 til 16 år samstundes som opplæringskrava blir tilpassa den nye aldersgruppa. Dei som har førarkort for traktor skal kunne utvide til mopedbil ved å ta eit tryggleikskurs.

- Mopedbilar er eit svært godt alternativ til tohjulsmoped, og mopedbilar gjer at 16-åringar kan opparbeida seg kompetanse som kjem godt med når dei seinare skal ta førarkort for vanleg bil, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.

Vis alle notiser

ANNONSE