ANNONSE
Annonse
Nea Radio

Kulturlandskapsprisen 2020:

Ingvild Haga og Jurgen Wegter anerkjennes

Kulturlandskapspris: Ingvild Haga og Jurgen Wegter bor i Vanvikan i Indre Fosen kommune. Foto: Lars Berg

Statsforvaltaren har tildelt Ingvild Haga og Jurgen Wegter, i Vanvikan i Indre Fosen kommune, kulturlandskapsprisen for 2020.

Nea Radio
Nea Radio

Publisert:

ANNONSE
Annonse

Ingvild og Jurgen kjøpte Fagerli for 16 år sidan, eit bruk som då i lengre tid hadde vore ute av drift og til nedfalls. Dei har gjort eit stort arbeid for å formidle verdiane i eit rikt jordbrukslandskap samt sett i stand bygningar, slåttemark, naturbeitemark, våteng, styvingstre, rydningsrøyser og steingjerde, heter det fra Statsforvalteren.

I Fagerli har Jurgen dei siste åra registrert 43 arter av villbier og 42 arter av blomsterfluger amt mange fleire artar, fleire som einast registrering i Fosen og Trøndelag. Fleire av desse er på raudlista. Ingvild og Jurgen ser som svært viktig å tilpasse drifta slik at artsmangfaldet blir tatt vare på eller aller helst blir enda større.

Småbruket Fagerli er på 50 dekar og var rydda og reist som eige bruk i 1903. Bygningane er tradisjonelle og restaurering av desse er gjort ved bruk av gamle teknikkar og etter antikvariske prinsipp. Her prøver ein så langt råd er å reparere, går ikkje det så blir det gamle kopiert.

Det som er særleg vektlagt ved tildeling av prisen til Fagerli Naturgård er arbeidet dei har gjort for å visa fram verdiane dei har i landskapet sitt og kor viktig det er å ta vare på det biologiske mangfaldet. Garden skal vera ein møtestad for tradisjonshandverk og naturformidling der folk skal få sjå, oppleva og gjera. Her blir også handverkstradisjonar formidla og det blir arrangert temadagar om kulturlandskapet og skjøtsel, heter det i begrunnelsen fra juryen.

Til Fagerli kjem mange for å læra og oppleva, barnehagar, skuleklassar, lag og foreiningar og forskarar for å sjå og læra Foto: Jurgen Wegte.

Ingvild og Jurgen er svært opptatt av at naturverdiane i landskapet vårt må formidlast til barn og unge. Dei har difor forfatta og illustrert boka «SOS Blomstereng». Denne boka har gjort at mange har kome til Fagerlia og at Ingvild har besøkt mange barnehagar og skular for å fortelja den gode historia om blomsterenga og livet der.

Sjølve kulturlandskapsprisen er ein diplom og pengegåve på kr 15.000 og blir tildelt den eller dei som gjer ein ekstraordinær innsats for jordbrukets kulturlandskap i Trøndelag. For 2020 vart det lagt ekstra vekt på formidling av jordbrukets kulturlandskap, miljøkvalitetar og biologisk mangfald ved tildeling av prisen. Statsforvaltaren fekk inn 10 kandidatar til kulturlandskapsprisen.

Utvelginga av prisvinnaren er gjort av «Fagråd jordbruk» ved Landbruksavdelinga. Dette er samansett av representantar frå Trøndelag Bondelag, Trøndelag Bonde- og småbrukarlag, Norsk landbruksrådgiving, Trøndelag fylkeskommune, Fylkesmannen i Trøndelag, NIBIO og kommunane.

Nøkkelord

ANNONSE