Nea Radio

Nea Radio

- Farlege vogntog skal bort frå norske vinterveger

Samferdselsminister Jon Georg Dale på tungbilkontroll i oktober 2019. Foto: Tornøe/Samferdselsdepartementet

- Vegtransporten må vere basert på ein seriøs lastebilnæring. Aktørar som ikkje er seriøse må bort, både utanlandske og norske, skriver samferdselsminister Jon Georg Dale.

Nea Radio
Nea Radio

Publisert:

Difor har tiltak mot dårleg skodde vogntog hatt høg prioritet sidan denne regjeringa tiltredde i 2013. I perioden har talet på ulukker med tunge køyretøy gått ned. Samstundes er éin ulukke éin for mykje, og arbeidet for å betre trafikktryggleiken må halde fram.

Stadig strengare krav til vinterdekk – og fleire kontrollar

Mellom anna er strengare krav til dekk og utstyr innført. No skjerpar vi krava ytterlegare. 15. november 2020 blir Noreg første land i verda som krev bruk av dei beste vinterdekka for tungbil, dekk merkte med det såkalla "alpesymbolet". Dei nye dekkrava blir innførte med så kort omstillingsperiode som mogleg.

Vi har òg auka satsinga på kontrollar av tunge køyretøy kraftig. I statsbudsjettet for 2020 styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen ytterlegare, med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting, bremsar og om køyretøyet er eigna, for å hindre ulukker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.

I tillegg til fleire kontrollar, skal kontrollane vere mest mogleg målretta. Vi forsøker å stoppe dei som mest sannsynleg har manglar, medan dei andre kan køyre vidare. Vi ønsker å stanse dei som bryt regelverket, og ikkje forseinke unødig dei som har alt i orden. Vidare er samarbeidet mellom Statens vegvesen, Politiet, Arbeidstilsynet, Tolletaten og Skatteetaten om kontroll på vegtrafikkområdet styrkt, mellom anna gjennom at samhandlingsplanar mellom etatane blei sette i verk i 2018. Tollmyndigheitene har òg fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk.

Brot på krava får større konsekvensar

Det skal ikkje løne seg å køyre ulovleg. Difor styrkte vi i 2015 retten til å halde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav. Ved behov tar vi no i bruk hjullås. Dette gjer det mogleg å halde køyretøy fysisk tilbake. Nyleg auka og skjerpa vi gebyra for brot på krava til dekk- og kjettingutrusting. Fram til nyleg har ein for eksempel berre fått eitt gebyr, sjølv om ein manglar fem kjettingar. No vil ein få fem.

Det kan vere utfordrande å køyre på vinterføre, og det er viktig at sjåførane har god kompetanse. Regjeringa har dei siste åra jobba systematisk opp mot EU-systemet for å styrkje krava til vinterkompetanse for utanlandske sjåførar. Dette har vi vunne fram med. Frå 2020 vil det bli stilt styrkte krav til vinterkompetanse i yrkessjåførutdanninga.

Både førar, transportverksemd og transportkjøpar har eit ansvar

Det er førarane som har ansvaret for at bilen som dei køyrer er i orden. Transportverksemdene skal òg leggje til rette for at transportane er lovlege.

Samstundes har faktisk dei som kjøper transport òg pliktar når det gjeld å undersøke at sjåførane har dei løns- og arbeidslivsvilkåra dei har krav på. Difor hadde eg i vår møte med fleire bedrifter som kjøper godstransportteneste på veg, for å lytte til og få innspel frå dei som har praktisk erfaring med kjøp av transport.

Det er etablert eit informasjonsopplegg retta mot utanlandske sjåførar om vanskelege køyreforhold på vinteren. Vidare kan transportkjøparar gjennom kampanjen "trygg trailer" få informasjon om krava til utstyr, slik at dei sjølv kan ta ein enkel sjekk av deira lastebilar..

Vegtransporten må vere basert på ein seriøs lastebilnæring. Aktørar som ikkje er seriøse må bort, både utanlandske og norske. Det er naudsynt for å tryggje vegane våre, både sommar og vinter. Og det arbeidet held fram.

Siste med #samferdselsdepartementetVis flere

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...