Rekordstore fylkesårsmøter i Senterpartiet

Rekord: Fylkesårsmøtene i Senterpartiet vil i år ha rekordmange deltakere, skriver partiet i en pressemelding. På bildet Heidi Greni, stortingsrepresentant for Trøndelag SP. FOTO: Senterpartiet

I februar og i starten av mars har alle Senterpartiets fylkeslag årsmøte og i år er det venta rekordoppmøte. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, #MeToo, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
07.02.2018 kl 10:07

Nea Radio
Nea Radio

Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentralinnleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om de som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

På fylkesårsmøta i fjor vart det vedtatt til saman 118 uttalar på dei 19 fylkesårsmøta, altså over seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt, men i fjor var det flest uttalar innanfor desse tema: generelt mot sentralisering, kommune- og regionreform, politi, domstol, beredskap og kriminalitet, samt landbruk, skog, jordvern, mat og næring. Så vert det spanande å sjå kva som opptar fylkeslaga i år. Uansett; alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til og følgt opp av både sentralstyret i partiet og i alle komitear i stortingsgruppa.

MeToo

I år vert og nye etiske retningslinjer og varslingsrutinar sendt på høyring frå sentralstyret til fylkeslaga, og mange fylkesårsmøte kjem til å diskutera både dette og grasrotkampanja #MeToo. Høyringane skal så oppsummerast av sentralstyret og nye retningslinjer skal vedtakast av Senterpartiets landsstyremøte 6.-7. april.

Val av fylkesleirar

Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig. I år, som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studieleiar og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt retningslinjer for partiarbeidet framover og budsjett.

Trøndelag Senterparti

I år er det første felles årsmøte i Trøndelag Senterparti, etter at Sør- og Nord-Trøndelag frå nyttår har blitt slått saman til eit fylke. Det vert eit svært stort fylkesårsmøte, med rundt 230 delegatar samt observatørar og gjester, altså nesten på storleik med landsmøta i partiet. Det historiske møtet skal vera på Scandic Hell i Stjørdal 9.-10. februar, og Gunn Iversen Stokke frå Skaun er foreslått som fyrste fylkesleiar.

Rekordstore fylkesårsmøte

Til fylkesårsmøta i fjor var det tal røyster i fylkestingsvalet i 2015 som låg til grunn for talet lokallagsdelegatar (i tillegg til medlemstalet). I år vert lokallagas rett på delegatar rekna ut frå antalet røyster i stortingsvalet i 2017, som var 302 017. I 2015 var røystetalet 176 270, og partiet fekk i 2017 derfor nesten 126 000 fleire røyster. Når ein legg til grunn at lokallaga har «Én utsending for hver påbegynt 300 stemmer ved siste stortingsvalg», vil auka stemmetal på tusen gje lokallaga rett på mellom tre og fire nye utsendingar.

I tillegg kjem det og fleire lokallagsdelegatar då medlemstalet i 2017 auka med 541 personar. I vedtektene står det at lokallaga har «en utsending for hvert 50. medlem (inkludert medlemmer i Senterungdommen)». Derfor har lokallaga høve til å møta med godt over 400 fleire utsendingar ved årets fylkesårsmøte.

Nøkkelord

Siste nytt i Leserbrev

Mann deg opp da, mann!
  • Leserbrev

- Likestilling er ikke en sak kun for kvinner. Menn er nødt til å ta likestillingskampen for seg og sin famille, og det kan hende de må ofre noe på veien. Likestilling kommer ikke av seg selv, skriver barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland i dette innlegget.

Roland frykter for framtida til lensmannskontoret
  • Leserbrev

Røroslistas Reidun Roland her sendt en bekymringsmelding til ordføreren der hun gir til kjenne sin frykt for at det lokale lensmannskontoret snart er en saga blott.

Gedigen bløff og et overtramp
  • Leserbrev

Vedtatt, valgløfter blir til virkelighet og Barbro er ny helsesøster i Malvikskolen, skriver Malvik Arbeiderparti i sin annonse der bilde av en ansatt i kommunen er benyttet, mener Malvik Høyre i et leserbrev.

 
LESERINNLEGG: – Norsk Rikskringkasting, og hvorfor det ikke heter Norsk Kringkasting
  • Leserbrev

Tanker rundt medietilbudet.

- Ombudsrollen, rolleforståelse og vurderingsevne.
  • Leserbrev

- I Arbeiderpartiet er vi opptatt av åpenhet. Derfor informerer vi om vedtak og deler vår politikk, blant annet via media, skriver Malvik Arbeiderparti i dette leserinnlegget.

Å leve med kreft
  • Leserbrev

Stadig flere overlever og lever lenger med kreft. - I dag benytter vi Verdens kreftdag for å hylle alle fremskrittene, skriver generalsekretær Anne Lise Ryel og distriktssjef Eva Faanes i Kreftforeningen i denne kronikken.

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
Annonse
ANNONSE