Tankar i ei ulvetid

Leserbrev fra Gunnar Olav Balstad

Tankar i ei ulvetid

Gunnar Olav Balstad FOTO: Gunnar Olav Balstad

-God vinterferie og godt ski-VM i hus og hytter. Måtte dei beste vinne, i løypa så vel som i det frie og demokratiske Noreg, skriv Gunnar Olav Balstad.

Tekst:

Publisert:

Sjølv om Senterpartiet gjer jobben for heile opposisjonen på Stortinget, maktar dei ikkje å svekke Høgre meir enn regjeringspartnar Arbeidarpartiet. Snarare tvert om. Det tyder på at di meir distrikta rasar mot Oslomakta, di meir veks motstanden der dei fleste nordmenn bur. Rett nok maktar Senterpartiet å kapre fleire veljarar på heimebane, medan Høgre aukar sin tilslutnad på eigen banehalvdel. Arbeidarpartiet tapar på båe hald. By og land, hand i hand er nede i ein bølgjedal. No er det by og land, mann mot mann som gjeld. Orsaka til det er ulven. Aldri tidlegare har Grimm-brørne hatt slik ideologisk innverknad på politikken i Noreg. Raudhette fortener gratis medlemskap i Senterpartiet etter at Vendela Kirsebom høfleg takka nei etter ei kort tenkepause.

På heimebane vert det brukt mykje ressursar på å få ulovleg skuterkøyring inn i lovlege former. Plan-og bygningsloven krev omfattande sakshandsaming av dei løypene skuterfolket ynskjer, og bra er det, sjøl om andre viktige miljøsaker må vike plass. Det vert oppfordra til respekt frå alle sider. Respekt for lova ikkje minst. Me lyt helsa all lovleg verksemd velkomen. Og samstundes slå hardare ned på det motsette, sjøl om det gjeld etniske nordmenn som ikkje kan sendast nokon stad.

Det trengst framleis 42 folkevalde for å take vare på lokaldemokratiet i dalføret me bur i. I båe kommunane har dette vore oppe til vurdering, og konklusjonen er klar: 25 og 17 er dei rette tala for å kunne kalla seg demokratisk. Ståstaden er som den er. Ikkje rart folk i byane ristar på hovudet og vender seg mot Høgre.

Erna sa i fjor at det tek 10 år å reformere Noreg. Mange av oss som bur i dette landet , meiner at reformene er ein framhaldande prosess som aldri tek slutt. No er det mange i distrikta som meiner at prosessane går for raskt og i feil retning. Likevel har rekordmange kommunar vorte samde om å slå seg saman. Det krev respekt og tyder på gode lokale prosessar. Å bruke tvang er ikkje klokt. Mange kjem etter når dei får tenkt seg om. Det rette og endelege talet på kommunar, veit ingen, heller ikkje regjeringa. Like lite som heradsstyra våre veit det rette talet på lokale folkevalde.

På same vis kan ingen vite om Politireforma blir vellukka eller ikkje. Fyrst må ho setjast ut i livet og verke nokre år, minst 10 år. Det er det skulefolk seier når nye skulereformer kjem like tett som statsrådsskifta. Problemet er at ei reform aldri vert utprøvd før ei ny kjem. Å gå til val på å reversere ei reform som ikkje er prøvd ut, er heller ikkje vegen å gå. Det er gode evalueringer og fornuftige justeringer som er rette vegen å gå.

Det same kan seiast om fråversreglane i videregåande skule. Reglane var etterspurde frå lærarar som sakna gode reiskap, og dei har vore effektive for å redusere fråveret. Statsråden marknadsfører suksessen med 30 – 40 % mindre fråver. Men her som ellers gjeld det å ikkje la seg blinde av store tal. Statistikken fortel at skuleåret 2015-16 var medianfråveret til elevane 5 dagar og 12 enkelttimar. Med ein tredel mindre fråver i 2016 – 17, vert medianen 3,5 dagar og 8 enkelttimar. Samanlikna med fråveret til norske arbeidstakarar, er ikkje dette illevarslande, snarare tvert om.

God vinterferie og godt ski-VM i hus og hytter. Måtte dei beste vinne, i løypa så vel som i det frie og demokratiske Noreg.

Siste nytt i Leserbrev

Regjeringen struper frivillige organisasjoner
  • Leserbrev

- Regjeringa foreslår i det fremlagte statsbudsjettet å kutte støtta til over 30 ideelle organisasjoner i Landbruksdepartementet sitt budsjett. Hardest blir vi i 4H bli rammet. Går dette igjennom vil vi miste over 7 millioner kroner, skriver Malmfrid Ervik, styreleder 4H Trøndelag.

Åpent brev til alle skoler og skoleeiere
  • Leserbrev

- Arbeidet med å fornye læreplanene i Kunnskapsløftet er i gang. Myndighetene og organisasjonene fra arbeidsgiver- og arbeidstakersiden er enige om at fagfornyelsen er avhengig av gode innspill fra de som jobber i skolen, skriver Utdanningsforbundet i Sør-Trøndelag.

– Statene må ta ansvaret for manglende konvensjon og følgene det får
  • Leserbrev

Sametingsråd Mariann Wollmann Magga mottar med beklagelse nyheten om at Norge avbryter forhandlingene om norsk-svensk reinbeitekonvensjon, og sier at statene må ta ansvar for situasjonen.

 
- Anbud til beste for hvem ?
  • Leserbrev

- Anbud skaper ikke gode situasjoner for de som skal arbeide i denne utryggheten og for de som skal benytte seg av disse tjenestene. Derfor mener Fagforbundet Røros at anbud og måten de håndteres på må vurderes, skriver Renè Holm i dette leserbrevet.

Politiker svarer utdanningsforbundet:
  • Leserbrev

- Det reises mange spørsmål om hva som er tankene bak og begrunnelsen for kommunestyrets vedtak om rammene for rådmannens videre utredning om bygging av ny ungdomsskole i Selbu. Hvorfor 150 og ikke 180 elevplasser? Arnstein Trøite (Selbu SV) svarer utdanningsforbundet.

Svar på åpent brev om ungdomsskole
  • Leserbrev

I dette leserbrevet svarer ordfører og varaordfører på et åpent brev om ny ungdomsskole i Selbu, skrevet av klubben i utdanningsforbundet med Selbu Ungdomsskole.

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
Annonse