- Derfor må politiet vera nært

- Derfor må politiet vera nært

 

Leserinnlegg fra Senterpartiets justispolitiske talskvinne, Jenny Klinge. Her på bildet (til venstre) sammen med Heidi Greni på besøk i Røros. FOTO: Per Magne Moan

Leserinnlegg fra Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne i Senterpartiet:

Derfor må politiet vera nært

Det som skjer med politiet i desse dagar, vil endre kva slags politi vi har i landet vårt for all framtid. Senterpartiet ønskjer å bevare nærpolitiet, og var derfor mot den såkalla nærpolitireforma som regjeringa la fram og som stortingsfleirtalet vedtok i fjor.

Namnet «nærpolitireforma» er ikkje eit ærleg namn på reforma, for avstandane vil bli mykje større mellom innbyggjarar og politi mange stader. Det vi får framover er eit politi som er oftare på hjul, og som vi gjerne kan kalle meir av eit utrykkingspoliti. Vi går meir bort frå det nære og førebyggjande, og den nyttige lokalkunnskapen og den viktige kjennskapen mellom politiet og folk i lokalsamfunna er noko som vil gå tapt. Vi må derfor spørje oss sjølv om vi er på rett veg.

Regjeringa og politibyråkratane i Oslo ser ut for å ha ei blind tru på at politireforma er løysinga for norsk politi. Eg er langt frå overtydd om at sentralisering er rette resepten. Gjørv-kommisjonen, som vart sett ned etter 22. juli-terroren, peika på kultur og leiing i politietaten som noko av det viktigaste som ein måtte gripe fatt i. Ei sentraliserande strukturreform er ikkje svaret på dette. Politireforma gir nok inntrykk av handlekraft, men tener samtidig til å tilsløre dei faktiske problema som finst.

Eg er - akkurat som leiarane i politiforbunda i Norden - uroa for at Noreg er i ferd med å gjera same feilen som våre naboland. Sverige hadde dei same målsettingane som Noreg då dei gjennomførte ei politireform nyleg. Resultatet vart i staden eit veksande byråkrati, mindre synleg politi og store problem med å handtere kriminaliteten. Kvifor skal vi gå i same fella? Vi burde heller lære av naboane våre. Og det er enno ikkje for seint å snu.

Senterpartiet meiner at vi sørgjer best for ei god polititeneste ved å styrke det lokale politiet. Vi må sikre at dei har nok ressursar til å utføre viktige samfunnsoppgåver. Det er all grunn til å protestere mot den komande nedlegginga av mange lensmannskontor og dei påfølgjande større avstandane mellom politiet og innbyggjarane. Protesterer mange tydeleg, slik som somme lokalsamfunn har gjort i form av fakkeltog for lensmannskontoret sitt, kan det i beste fall føre til at resultatet blir mindre sentralisering enn det regjeringa og stortingsfleirtalet opprinneleg såg for seg.

Jenny Klinge

Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Nøkkelord

Siste nytt i Leserbrev

Vil ha ny regjering
  • Leserbrev

De blå-blå lytter ikke til fagorganiserte, mener LO og sier i et leserinnlegg at landet trenger en ny politisk kurs.

– Valgseier for Arbeiderpartiet er avgjørende

Leserbrev fra Jens Ivar Tronshart - Røros AP

Apati, både for og mot mennesker
  • Leserbrev

Leserinnlegg fra Ivar Østby.

 
Skattepenger ut av vinduet
  • Leserbrev

– Anbudssystemet i sin helhet er dårlig helsepolitikk, skriver toppkandidater på SV-lista i dette leserbrevet.

Dårlige veier en hemsko for næringslivet
  • Leserbrev

– Senterpartiet mener det er behov for en kraftig oppgradering av lokale og regionale veier som binder det vakre og langstrakte landet vår sammen, skriver Liv Darell i dette leserbrevet.

Fellingstillatelse på kongeørn
  • Leserbrev

– Skal vi fortsatt ha beitenæringer, norsk matproduksjon og levende bygder må vi kunne ha to tanker i hodet på en gang, vi må åpne for forebygging av skader på beitedyra og også et fokus på å beholde en ønsket stamme av kongeørn, skriver Gunn Iversen Stokke i dette leserbrevet.

ANNONSE
Annonse
ANNONSE
Annonse